Populistisk elitisme: professorar overalt

Dei siste tiåra har vore prega av ein forfeila høgskule- og universitetspolitikk, skriv Rune Slagstad.

ESSAY
Rune Slagstad

23.april 2021 | DAG OG TID 16-2021

Dei fusjonerte universiteta skal medverke til forsking på høgt internasjonalt nivå, samtidig som dei skal utføre det gamle høgskuleoppdraget: praksisorienterte profesjonsutdanningar som primært skal oppfylle lokale behov innanfor offentleg sektor og næringslivet.

‍Den dominerande økonomisk-administrative «fusjonismen», med «stort er godt» som styrande motto, har høvla ned veletablerte fagtradisjonar med ulike samfunnsoppdrag.

Lytt til artikkelen

0:00
0:00

Resultatet har vorte ein tap–tap-situasjon som gjev dårlegare universitet, dårlegare høgskular og meir byråkrati. Denne forfeila fusjonismen må avviklast, og den institusjonelle arbeidsdelinga mellom profesjonsretta høgskular og universitet må gjenopprettast.

Eg samlar synspunktet mitt i ti tesar, som tek til med det samtidsdiagnostiske. Etter eit riss av venstrestaten som utdanningspolitisk regime diskuterer eg fire retningsgjevande, reformteknokratiske utgreiingar sidan 1960-åra. Dei avsluttande tesane gjeld konkurransestaten og kunnskapsstaten som eit alternativ til denne.

Tese 1

Vi står midt i eit regimeskifte frå «konkurransestaten» til «kunnskapsstaten» med både ein global og ein lokal dimensjon. 

Den globale dimensjonen kan illustrerast med fire årstal: 1979, 1989 versus 2008, og 2016, den lokale dimensjonen med laksemilliardærar som blir danningsagentar. Samanstillinga av dei fire årstala kastar lys over det ideologiske klimaskiftet som har skjedd i den vestlege verda dei siste 40 åra.

1979 var året då Thatchers britiske regjering som den første i Europa sette i verk eit nyliberalt dereguleringsprogram. 1989 førte med seg Berlinmurens fall, samanbrotet i austblokka og dermed marknadskapitalismens grenselause ekspansjon. 2008 kom med finanskapitalens samanbrot på Wall Street, men ikkje berre der. 2016 løfta Donald Trump inn i Det kvite huset på ei populistisk protestbølgje.

Utviklinga etter tusenårsskiftet reiv grunnen under den liberale triumfferda frå 1990-åra. Dei vestlege regima har i aukande grad vorte utfordra av populistiske rørsler som vil prøve ut grensene for demokratiet.


Den nye konkurransestaten vart i ei rekkje land boren fram også av marknadsteknokratiske sosialdemokratar av ulik avskygging: demokratane i USA frå Clinton til Obama (og Biden) og europeiske sosialdemokratar med Tony Blair og hans New Labour i spissen. Dei ville alle fornye det statlege styringsteknokratiet med bruk av marknadsmekanismar. For Reagan og Thatcher, nyliberalismens to fremste politiske agentar, var staten problemet og marknaden løysinga.

Den nye konkurransestaten vart i ei rekkje land boren fram av marknadsteknokratiske sosialdemokratar av ulik avskygging.


Då Reagan og Thatcher forlét den politiske scena og vart etterfølgde av Clinton og Blair, vart marknadstenkinga moderert – og konsolidert. Sentrum–venstre-partia gav opp det tradisjonelle prosjektet sitt: å temje kapitalismen via statleg kontroll. Marknadsmekanismen vart det primære instrumentet for å realisere det felles beste – og den venstreorienterte politikken mista mobiliserande kraft.

Den marknadsteknokratiske orienteringa hadde beinveges utdanningspolitiske følgjer, illustrert ved dei Bologna-styrte reformene etter 1999 og deira bidrag til devaluering av fagkunnskap. I gjennomføringa av Bologna-reformene har utanforlandet Noreg vorte innanforlandet som har lege motstandslaust i front.

I Tyskland, den nye motoren i europeiseringa, har det derimot ikkje vore ei tilsvarande ureflektert motstandsløyse. Utdanningsministeren Julian Nida-Rümlin i Gerhard Schröders raudgrøne regjering rykte for nokre år sidan ut mot det han kalla «akademiseringsvanvitet» i Bologna-prosessen. Den fagkunnskapen som har gjort Tyskland til ein moderne, høgteknologisk industristat, blir trengd tilbake på nesten alle område, konstaterte utdanningsministeren, som også er ein kjend filosofiprofessor. Målet har vore ei homogenisering av dei europeiske studieordningane som ikkje har teke omsyn til dei ulike utdanningstradisjonane i Frankrike, Storbritannia, Tyskland og Italia.

Professoren nemnde ikkje dei skandinaviske landa, og slett ikkje Noreg, men kunne ha gjort det. Også her til lands burde vi reflektere over våre eigne utdanningstradisjonar før dei blir homogeniserte vekk og dei mest berekraftige elementa deira høvla ned.

Det gryande oppbrotet frå konkurransestaten har òg ein lokal dimensjon. Med opprøret mot Nord universitets vedtak om å leggje ned Campus Nesna har Nesna-studentane «satt universitets- og høyskolepolitikk på den storpolitiske dagsordenen», påpeika juryen for Khronos akademikarpris 2020. Nesna-opprøret føyer seg inn i rekkja av distriktsopprør mot den fusjonerande sentraliseringspolitikken på fleire samfunnsfelt.

I Nesnas tilfelle har kampen for å gjenreise lærarutdanninga fått ekstra kraft ved alliansen med laksemilliardærane i Lovund på helgelandskysten. For Lovund-entreprenørane har skjønt at den lokale skulen speler ei nøkkelrolle om eit lokalsamfunn skal få varig liv. Derfor ivrar dei for å utvikle ein skule retta mot behova i lokalsamfunnet. Det krev ei differensiert lærarutdanning som også er retta mot mindre skular i distrikta.

Pedagogikkprofessor Peder Haug peikar på Sogn og Fjordane som døme, ein region dominert av små skular og utkantkommunar. Dei har i mange år markert seg mellom dei beste i landet: «Truleg handlar dette ikkje berre om skulane. Det handlar også om relasjonen til kommunane og til lærarutdanningane lokalt» (Khrono 28. januar 2021).

Teoretiseringa

Kan du tippa kor mange professorar vi har i dette landet? Eit hint er at vi hadde 214 i 1961. Sa du 1000? Feil. Svaret er 4500 per 1. oktober 2020. Legg du til dei med professor 2-stillingar, har vi over 6000. Fram til 1980-åra var det kanskje éin eller to på kvart institutt. Men mellom 1983 og 1985 kom eit byks på 300 nye – og deretter har det berre auka på. Tek vi utgangspunkt i fjoråret, kan vi alt ha fått 50 nye professorar berre hittil i år.  

Veksten er ikkje tilfeldig, men kjem som ein del av internasjonaliseringa, spesialiseringa og teoretiseringa ved utdanningsinstitusjonane våre. Mykje av dette er sjølvsagt fornuftig og må til i eit moderne utdanningssamfunn. Men det har òg klare uheldige sider, ikkje minst for profesjonsutdanninga og dei gamle desentraliserte høgskulane. Dei har dei siste tiåra stadig nærma seg dei teoretisk-orienterte universitetsutdanningane, ofte med nedvurdering av praksiskunnskapen som resultat. I dag opplever dei gamle høgskulane krav om internasjonal publisering følgd av ei mengd rapporteringar og evalueringar for å syna at det faglege nivået tilsynelatande styrkjer seg. 

Teoretiseringa i undervisingssektoren startar alt i grunnskulen, der sjølv gymnastikkfaget er prega av teori. Og lærarskuleelevane må no, etter 2016, ta ei femårig utdanning og skriva ei forskingsbasert masteroppgåve. Er det prestisjen til lærarane ein prøver å styrkja på denne måten? Ville det ikkje då vore betre å gje lærarane auka fridom og færre rapportar å fylla ut?  

Rune Slagstad, som har vore professor i ulike fag og no er tilsett ved Institutt for samfunnsforskning, har i mange år vore oppteken av utdanningspolitikk og kor viktig det er å ta vare på særtrekka ved den praktisk-orienterte profesjonsutdanninga. Då Slagstad skulle halda ei førelesing om dette temaet ved Nord universitet på Nesna på helgelandskysten, spurde vi om han kunne skriva førelesinga om til ein artikkel i Dag og Tid.

Det sa han ja til. Slagstad er sjølv praktisk orientert i den forstand at han i tillegg til det faglege virket, også har vore ein sentral publisist i akademia som redaktør og medredaktør av Pax Leksikon, Nytt Norsk Tidsskrift og Universitetsforlagets Blå Bibliotek. 

Svein Gjerdåker
Svein Gjerdåker er ansvarleg redaktør i Dag og Tid.

Tese 2

Framtid treng fortid. Skulle norsk historie gjennom dei siste to hundre åra samanfattast i éin formel, måtte det bli «utdanningsrevolusjon».

For denne utdanningsrevolusjonen var venstrestaten (1884–1940) eit viktig omdreiingspunkt. Venstrestaten var stordomstida til skulefolket: Med kunnskap skulle landet byggjast. Venstrestaten førte med seg ei vifte av skuleinnovasjonar: først det moderne linjedelte gymnaset (real- og engelsklinje) (1896), etterfølgt av omdanninga av lærarseminara til lærarskular (1902), periferiens danningsanstaltar.


Skulefolket var berar av eit demokratisk-populistisk sinnelag og kom til å spele ei viktig demokratiserande rolle lokalt og nasjonalt. Lærarskulane var institusjonelt uavhengige av Noregs eine universitet og geografisk spreidde utover heile landet (Trondenes, Volda, Stord, Holt, Elverum, Nesna ofl.), og dei gav med skulestove og lærarbustad lokalsamfunna eit nytt tyngdepunkt i tillegg til kyrkje og prestegard. Som ein særeigen norsk konstruksjon, utan førebilete eller parallellar i andre land, står landsgymnaset, eit periferiens kunnskapsløft som sameinte fagkunnskap og folkedanning, drive gjennom av venstrestatens effektive lærarpolitikarar, med Volda (1910), Voss (1916) og Eidsvoll (1922) som dei første.

Det einaste universitetet i landet, med sine akademiske profesjonar, vart utfordra av nye vitskaplege kunnskapsinstitusjonar og deira profesjonar. Frå Norges Landbrukshøiskole (1897) kom agronomane, frå Norges Tekniske Høiskole (1910) ingeniørane og arkitektane, tannlegane fekk eigen høgskule i 1928, veterinærane sin i 1935. Felles for alle desse profesjonane var at dei bygde på utnytting av naturvitskapleg kunnskap og slik markerte ein ny fase i moderniseringa av Noreg med ei spenning mellom «dei to kulturane»: den humanistiske og den naturvitskaplege.


Arbeidarpartistaten etter 1945 var eit politisk regime med drastisk utvida styringskapasitet, knytt til nye ekspertar og kunnskapen deira. Fagfolk med grunnlag i sosialøkonomi, medisin, pedagogikk, psykologi og sosiologi plasserte seg gjerne midt i samfunnsstriden med reformideane sine. Dei svara vitskapen gav, hadde gjerne karakter av statleg intervensjon basert på vitskapleg kunnskap.

Mellom profesjonsmakt og statsmakt var det gjensidig forsterkning, med sterk vekst i velferdsstatlege yrke: jordmødrer, sjukepleiarar, fysioterapeutar, sosialarbeidarar og andre. Dels dreidde det seg om profesjonalisering av tradisjonelle omsorgsyrke, dels om framvekst av profesjonar med grunnlag i ny vitskapleg kunnskap.

Oppbrotet frå arbeidarpartistaten til konkurransestaten i 1990-åra er reflektert mellom anna i ei forskyving innanfor profesjonane, som frå sosialøkonomar til siviløkonomar. Siviløkonomane hadde alt i venstrestatens sluttfase fått sin vitskaplege høgskule. Norges Handelshøiskole hadde vorte oppretta i 1936, i Bergen, som rimeleg er, rett nok med ein viss skepsis i bergensborgarskapet til det ein såg på som teoretisk-vitskaplege spekulasjonar som kunne svekkje forretningsmannens initiativ og handlekraft.

Ottosen-komiteen (1965–70)
Kom med framlegg om å rasjonalisere og effektivisere universitetsstudia: kortare studiar som alternativ til dei lange embetsstudia. Eit anna framlegg var opprettinga av distriktshøgskular som regionalpolitisk verkemiddel: kortare, yrkesretta utdanningar med tilknyting til lokalt arbeids- og næringsliv.Ottosen-komiteens reformframlegg var ein gnist som tende studentopprøret i Noreg. Eit sentralt motskrift var Harald Berntsens Pax-bok Studenter og byråkrati (1969) med undertittelen «Ottosen-komiteen partert og anrettet på spidd».

Hernes-utvalet (1988)
Utvalet understreka den institusjonelle arbeidsdelinga mellom universitet (inklusiv vitskaplege høgskular) og profesjonsretta høgskular. Eit av dei sentrale framlegga til utvalet gjaldt professorat. Eit professorat skulle ikkje lenger vere ei stilling ein kunne søkje, men ein tittel ein kunne kvalifisere seg til å få. Utvalet føreslo eit differensiert professorsystem: «assosiert professor», «professor» og «seniorprofessor» (òg kalla professor «med ekeløv og stjerne»).

Mjøs-utvalet (2000)
Utvalet braut ned den etablerte, institusjonelle arbeidsdelinga – for det første med ein felles gradsstruktur for heile det høgare utdanningssystem og for det andre med framlegget om at høgskulane skulle kvalifisere seg til å bli universitet. Dei sentrale medlemmene var Tora Aasland (SV) og Victor Norman (H). Utvalsleiaren bidrog med å krydre innstillinga og arbeidet til utvalet med utvalde dikt.

Stjernø-utvalet (2008)
Det viktigaste bidraget til utvalet var framlegget om ein gong for alle å avskaffe den institusjonelle arbeidsdelinga i høgare utdanning. Med framlegget om ein administrativ fusjon av universitet og høgskular i ei rekkje «landsdelsuniversitet» plasserte det SV-leidde utvalet seg i ein solid byråkratisk tradisjon: «Stort er godt».

Den vidare gjennomgangen er strukturert rundt dei fire reformteknokratiske utgreiingane om det høgare utdanningssystemet frå slutten av arbeidarpartistaten til i dag: Ottosen-komiteen (1965–1970), Hernes-utvalet (1988), Mjøs-utvalet (2000) og Stjernø-utvalet (2008).

Tese 3

Ottosen-komiteens forslag om distriktshøgskular viste Noreg som eit utdanningspolitisk føregangsland, men det vart eit skuleprosjekt som spora av.

Distriktshøgskulane var ein institusjonell innovasjon utan internasjonale førebilete, forankra i nasjonale særtrekk knytte til sentrum–periferi-dimensjonen. Med nær tilknyting til lokalt yrkes- og næringsliv skulle distriktshøgskulane tilby kortare utdanningar enn universitet og vitskaplege høgskular; dei skulle ta hand om behovet for ei kortare yrkesutdanning enn den universiteta og dei vitskaplege høgskulane tilbaud: fleire valalternativ, fleksible overgangsordningar, kortare studium, prega av andre yrkesinnretningar. Distriktshøgskulane skulle stå for «noko særmerkt og ha sin eigen identitet», understreka statsråd Kjell Bondevik, dei var ikkje «tenkte som universitetsfilialar».

Med distriktshøgskuleprosjektet skulle eit tospora høgare utdanningssystem byggjast ut og sikrast. Éin viktig premiss i Ottosen-komiteen var at det var nok med fire universitet (Oslo, Bergen, Trondheim, Tromsø, begge dei to siste etablerte i 1968). Samtidig ville ein demme opp i første rekkje for dei ekspansive rogalandslobbyistane som ville ha eit femte universitet i Stavanger-regionen.

I nokre tilfelle kom distriktshøgskuleprosjektet til å fungere etter planen. I andre vart det derimot ein ambisjon å omforme distriktshøgskulane til miniuniversitet.

Støtta av koalisjonen av lokale næringsdrivande, ambisiøse rektorar, professorhungrige amanuensar og symbolpopulistiske politikarar tok den akademiske drifta ved distriktshøgskulane etter kvart overhand, og dei utvikla seg meir og meir til lokale universitetsfilialar. At det gjekk slik, vart også fremja av at ein alt ved etableringa valde å bruke tilsetjingskriteria til universiteta. Resultatet vart i det lange løp det motsette av institusjonelt mangfald.

Eit forunderleg, men ikkje utypisk historielaust trekk ved forslaget om distriktshøgskular var at desse skulane ikkje vart kopla til dei mange veletablerte lærarskulane land og strand rundt. Kanskje ville prosjektet hatt større sjansar til å lykkast med den opphavlege distriktspolitiske ambisjonen om det hadde søkt å knyte an til dei eksisterande utdanningspolitiske miljøa med lærarskular og landsgymnas. Landsgymnasa, som vart formelt avslutta i 1964, hadde vore borne av den same nasjonalt samanbindande distriktsforankringa som lærarskulane.

Eit viktig perspektiv på distriktshøgskuleprosjektet var for mange tanken om «motekspertise» i tråd med sterke antiteknokratiske og populistiske straumdrag på denne tida, formulert mellom anna i Ottar Brox’ Hva skjer i Nord-Norge (1966) og Hartvig Sætras Populismen i norsk sosialisme (1971).

Samfunnskritikken frå 1960-åra fekk ein kulminasjon ved folkets nei til EF i 1972, då den politisk-økonomiske eliten vart nedkjempa av ein populistisk koalisjon med eit tyngdepunkt i dei motkulturelle, antibyråkratiske rørslene. At desse rørslene vart svekte utover i 1970-åra, gjorde nok sitt til at distriktshøgskuleprosjektet gradvis mista kraft som alternativ.

Tese 4

Den utdanningspolitiske diskusjonen fekk via Gudmund Hernes frå slutten av 1980-åra ein ny dimensjon. Men Hernes var ein tvitydig utdanningsstrateg.

Hernes hadde via Dagbladet nyttårsaftan 1986 stilt spørsmålet: «Kan man ha ambisjoner i Norge?» Frå utkikksposten sin ved Harvard kunne Hernes fortelje at det stod dårleg til med Universitetet i Oslo, det fremste av dei norske universiteta var «middelmådig». Uvanleg elitistiske tonar frå ein framståande sosialdemokratisk intellektuell!

Hernes fekk òg raskt svar frå landets statsminister, og han fekk i oppdrag å leie ei utgreiing om den høgare utdanninga i Noreg. Utgreiinga frå Hernes-utvalet, Med viten og vilje (1988), som føreslo ei omfattande reform av heile utdanningssystemet, førte til skarpe debattar.

Med Hernes kom det òg inn ein ny dimensjon i forhold til tidlegare sosialdemokratisk utdanningspolitikk: Universiteta vart rykte laus frå velferdsstatsprosjektet og den sosialdemokratiske kampen mot «elfenbeinstårnet». Hernes tok parti for universiteta som akademiske toppinstitusjonar. Han vedkjende seg universitetet som eliteprosjekt og ikkje berre ein rest av det ein på venstrefløya gjerne har sett på som eit forstokka embetsmannsprosjekt, «reaksjonens rustkammer». Eit hovudpunkt i innstillinga frå Hernes-utvalet var tanken om institusjonell funksjonsdeling mellom universitet/vitskaplege høgskular og dei statlege høgskulane.

Trondheim 1993: Studentene demonstrerer mot statsbudsjettet og utdanningsminister Hernes. Foto: Lise Åserud

Etter innstillinga vart Hernes kalla til Kongens bord som kyrkje- og utdanningsminister med ein dobbel ambisjon: å etablere ei klar institusjonell funksjonsdeling mellom universitet og høgskular og å løfte universitetslivet i nasjonen opp frå det middelmåtige nivået. I spørsmålet om fleire universitet var utvalets konklusjon eintydig: «Det er ikke ressursgrunnlag for etablering av flere universiteter i Norge.»

Men Hernes’ reformstrategi var inkonsistent, eller rettare sagt: Viktigast også for han var den akademiske drifta, til sjuande og sist trumfa den akademiske drifta profesjonsdrifta. Hernes hadde ingen strategi for å løfte, for ikkje å snakke om styrkje, profesjonsutdanningane som profesjonsutdanning. Funksjonsdelinga vart gradvis utviska, og det meste vart verande middelmåtig. Hernes mangla strategisk gjennomføringsplan og gjennomføringskraft; dei mange reformforslaga hans gjekk stort sett éin veg: underminering av den institusjonelle arbeidsdelinga i universitets- og høgskulesektoren.

Eitt døme var opprettinga av «Norgesnettet» for å skape «et integrert nettverk for høyere utdanning og forskning» via eit universitets- og høgskuleråd, med institusjonsutviskande konsekvensar. Eit anna døme var devalueringa av professortittelen, dels ved ei opprykksordning som gav tittelen til alle med professorkompetanse, dels ved å opne for professorat ved andre institusjonar enn universitet og vitskaplege høgskular.

Pådrivar i denne saka var Senterpartiet. Forslaga var dessutan i tråd med høgprioriterte krav frå fagforeiningar med rikeleg sans for symbolpolitisk opprykk. Det at Hernes med Reform 94 innførte ein vidaregåande skule med teorifagleg slagside på kostnad av praksisretta yrkesfag, medverka òg til å svekkje praksisorienteringa ved profesjonshøgskulane.

Hernes var i det heile ein fusjonist av velkjent sosialdemokratisk merke: «Stort er godt.»


Hernes var i det heile ein fusjonist av velkjent sosialdemokratisk merke: «Stort er godt.» I 1994 gjennomførte han som statsråd fusjonen av 98 høgskular til 26, sikkert med gode argument, men med særs mangelfull refleksjon over følgjene for dei ulike profesjonsutdanningane og eigenarten deira. I tillegg medverka fusjonen mellom profesjonsbaserte høgskular og distriktshøgskulane til ytterlegare å viske ut dei opphavlege særtrekka ved distriktshøgskuleprosjektet og til å forsterke den teoretisk-akademiske drifta i heile høgskulesystemet.

Talet på norske professorar i åra 1961–2019. Kjelde: NIFU


I tilbakeblikk var det fusjonismen eksstatsråden i 2019 såg grunn til å feire, reduksjonen i tal var det viktigaste: «Jeg har ikke registrert noe folkekrav om å gå tilbake til 27 høgskoler i Oslo.» Og han la til at det vart ikkje «en høyskole på hvert nes, men en master i hver krok» – og, kunne Hernes ha lagt til, professorar på kvart nes. I 1970 var det 340 professorar, i 1995 2500 og i dag er det fleire enn 6000.

Tese 5

Mjøs og utvalet hans vende ryggen til norsk utdanningshistorie, også den institusjonelle arbeidsdelinga, og  gjorde som Bøygen: gjekk utanom.

Her kjem to døme på at dei ikkje tok på alvor særpreget til profesjonsutdanningane.

Døme 1: Konklusjonen i evalueringsrapporten om høgskulefusjonen i 1994 frå Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) i 1999 var eintydig: Fusjonen hadde styrkt den akademiske orienteringa i høgskulane på kostnad av den yrkesorienterte delen av profesjonsutdanningane. Evalueringsrapporten understreka at det var viktig å utvikle eit fagleg premieringssystem for dei yrkesretta profesjonsutdanningane som var frigjorde frå statushierarkiet i det tradisjonelle universitetsakademiske systemet. Men Mjøs-utvalet (2000) valde å oversjå evalueringsrapporten, samtidig som det føreslo ordningar som forsterka den akademiske drifta også i høgskulane.

Den framståande amerikanske universitetsanalytikaren Martin Trow hadde alt i 1990-åra åtvara mot ei utvikling der gode profesjonshøgskular vart omgjorde til «svake forskingsuniversitet». Særleg uroleg var Trow for tendensen «to squeeze research out of people and departments that have no training, aptitude or inclination for research, with the resulting proliferation of bad and useless research». Ein skulle nesten tru professor Trow hadde dei norske høgskulane med universitetsambisjonar i tankane.

Døme 2: Etablering av ei opprykksordning frå høgskule til universitet. Landets universitetsstruktur skulle ikkje lenger avgjerast politisk ut frå ein overordna plan, men styrast av institusjonell konkurransekraft. Det gav sjølvsagt eit ytterlegare insentiv i retning av akademisk drift i høgskulesystemet. Det høyrer med til denne utdanningshistoria at dei første nye universiteta (Agder og Stavanger) begge hadde tung representasjon i Mjøs-utvalet. Usemja mellom dei to iverksetjande statsrådane, Giske (Ap) og Clemet (Høgre), var på dette punktet redusert til ein gradsforskjell mellom eitt doktorgradsprogram (Giske) versus fire (Clemet) som føresetnad for universitetskvalifikasjon.

Firda landsgymnas 1961: ein folkeleg danningsinstitusjon med høgt kvalifiserte lærarar som var opptekne av god undervisning snarare enn å publisere marginale artiklar på dårleg engelsk.   
Foto: Per Vassbotn

Tese 6

Det SV-leidde Stjernø-utvalet førte vidare den byråkratiske fusjonismen med forslaget om «landsdelsuniversitet»: «Stort er godt».

Stjernø-utvalet illustrerer ein tankevekkjande politisk dynamikk, for ikkje å seie dialektikk: Steinar Stjernø var som rektor ved Høgskolen i Oslo ein av dei skarpaste kritikarane av Mjøs-utvalets underminering av den institusjonelle funksjonsdelinga mellom universitet og høgskule. I 2006 vart Stjernø av partifellen sin, kunnskapsminister Øystein Djupedal (SV), oppnemnd til leiar av restruktureringsutvalet. Som følgje av heftig kritikk vart forslaga lagde i ein skuff av SV-statsråd Tora Aasland, men relanserte i 2015 som Torbjørn Røe Isaksens Høgre-politikk (Konsentrasjon for kvalitet, 2015).

Stjernø-utvalet viste i sin rapport (Sett under ett – Ny struktur i høyere utdanning, 2008) til at det ikkje fanst noko internasjonalt samlande universitetsomgrep, og at det elles ikkje var mogleg «å gå tilbake til en situasjon med et klart skille mellom universiteter og høyskoler».

Dermed vart det eigentleg heller ikkje nokon refleksjon over eigenarten til profesjonsutdanningane; utvalet var mest oppteke av storleiken på fagmiljøa. Utvalet gjekk ikkje inn i dei problematiske spenningane som vart påpeika i evalueringsrapporten i 1999, og som på mange måtar vart gjentekne i ein ny evalueringsrapport i 2007: Dei tradisjonelle profesjonsretta yrkesutdanningane vart til dels underlagde eit framandgjerande, akademisk opprykksregime.

I profesjonsutdanningane i dei akademisk oppgraderte høgskulane blir det stadig skapt vindskeive ordningar, der den meir eller mindre handverksmessige praksiskompetansen ikkje blir godkjend i same grad som den akademiske. Eg illustrerer poenget gjennom fysioterapifaget. Sjølve kjernen i fysioterapien, det praktiske og kliniske arbeidet, blir konsekvent nedvurdert ved høgskulane, kunne ein nestor innanfor fysioterapifaget, professor Eline Thornquist, konstatere i etterkant av Stjernø-utvalet. Dei fagtilsette skal publisere artiklar på samleband, dei skal siterast så ofte som mogleg av kollegaer og hevde seg internasjonalt. Thornquist konstaterte ei omfattande dreiing i retning av meir teori og forsking i dei praktisk-kliniske faga. Den viktigaste oppgåva til det fysioterapeutiske fagpersonalet er trass alt ikkje å publisere artiklar på engelsk for ein liten akademisk orientert krins. Thornquist fann grunn til å minne om at fysioterapi er ein praktisk retta profesjon: «Vi har et samfunnsoppdrag: vi skal vurdere og behandle mennesker.»

Spenninga mellom «de tradisjonelle praksisnære profesjonsutdanningene og den gamle universitetstradisjonen» skildrar Ronny Kjelsberg, universitetslektor og hovudtillitsvald ved den gamle Høgskulen i Sør-Trøndelag, innsiktsfullt i Kampen om Campus Nesna (2020) som ein ny variant av den klassiske konflikten mellom «dei to kulturane», mellom humaniora og naturvitskap, som C.P. Snow formulerte i 1950-åra. I profesjonsutdanningane, påpeikar Kjelsberg, kan realkompetansen til lærarane vere like viktig som formalkompetansen deira. Mens universitetskulturen gjerne siktar mot eit internasjonalt nivå, har profesjonskulturen gjerne eit regionalt og lokalt fokus.

Ein av dei som har søkt å løfte fram denne problemstillinga, rett nok ganske fåfengt, er pedagogen Sigurd Haga ved OsloMet. Primæroppgåva til profesjonsutdanningane er å utdanne høgt kvalifiserte profesjonsutøvarar, så som lærarar, sjukepleiarar og fysioterapeutar: det vi kallar samhandlingsorienterte yrke. Utfordringa er ifølgje Haga å utvikle eit insentivsystem retta mot den praksisnære kunnskapen som gjev desse praksisvitskapane den faglege eigenarten. Hans forslag er ein «praktor»-modell som del av eit meritteringssystem som er eit alternativ til doktorgraden (jf. Dag og Tid 13. mars 2013). Dette er ein påtrengjande problematikk som inviterer til vitskapleg fantasi, men i forunderleg liten grad synest å interessere dei profesjonsvitskaplege miljøa, til dømes Senter for profesjonsstudiar ved OsloMet.

Den viktigaste strukturreforma frå Stjernø-utvalet var forslaget om «landsdelsuniversitet», ein slags utdanningspolitisk parallell til det regionaliserte helsefeltet. Dei ulike institusjonane, med unntak av Austlandet, skulle slåast saman i store einingar innanfor dei ulike landsdelane som fullt integrerte fleircampusuniversitet, i alt åtte i talet.

Forslaget vart møtt med ganske massiv kritikk. Den dåverande leiaren for kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget, Ine Eriksen Søreide (H), meinte forslaget var «lite lurt». Torbjørn Digernes, rektor ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), meinte at det høgare utdanningssystemet ville tape på denne løysinga: «Jeg forstår godt at høyskolene uttrykker en sånn frykt. Alle som har en egenart, har noe å tape.»

SVs Tora Aasland valde å leggje forslaget til side, men etter det borgarlege regjeringsskiftet i 2013 fekk Stjernø sin utdanningspolitiske renessanse, og Høgres Torbjørn Røe Isaksen gjennomførte med utgangspunkt i Stjernø-utvalet det som nærmast vart ein høgare fusjonstsunami. I 2017 kunne Stjernø rose Isaksen for gjennomføringskrafta. «Det var ikke gitt at det skulle gå så greit. Sammenslåing til større institusjoner er politisk betente saker», uttalte Stjernø til Khrono, og i Klassekampen gjekk han til åtak på «fusjonsangsten» på venstrefløya (inkludert underteikna).

Tese 7

Noreg er eit paradoksalt populistisk land. I det som er kalla «kunnskapssamfunnet», vil ein ikkje vite av kunnskapselitar – berre sportselitar, underhaldningselitar og næringslivselitar.

«Vi må satse på kortere kurs og seminarer og sørge for at vi er relevante for samfunnet og arbeidslivet», kunne statsminister Erna Solberg (H) nyleg fortelje, og ho la til: «Dette bryter litt med tanken om at universitetene skal ha egenkontroll på alt, men dette er en oppgave også for offentlig finansierte universiteter.»

Kunnskapsministeren presiserte for sin del ved same høve at universiteta «må satse på kortere kurs og seminarer», i det heile «mer skreddersydde utdanningstilbud»: mcdonaldiserte universitet organiserte etter fastfoodprinsippet. Og statsministeren og kunnskapsministeren vart sekunderte av ein OECD-direktør som understreka at «universitetene må endre sin businessmodell».

I forkant av Mjøs-utvalet føreslo ein av dei tallause pedagogikkprofessorane på Blindern «serviceuniversitetet» som heilt ny universitetsmodell, ei føretaksstyrt kunnskapsbedrift med fleksible, korte yrkesretta kurs, lausrivne frå dei vitskaplege disiplinane: «Here administration and management have full control over the professorate’s total labor, also their research activities.»

Det er dette serviceuniversitetet det ein gong verdikonservative, liberalt forankra Høgre omfamnar som sitt universitetsprosjekt: eit universitetet som blir trimma etter det politikarane, for ikkje å seie statsministeren, treng. Det liberalt uavhengige universitetet med armlengds avstand til dei politiske makthavarane er under åtak i ulike delar av Europa, no også i Noreg.

Det liberalt uavhengige universitetet med armlengds avstand til dei politiske makthavarane er under åtak i ulike delar av Europa, no også i Noreg.


Med serviceuniversitetet er arbeidsdelinga mellom profesjonsretta høgskular og universitet eliminert. Dei gamle distriktshøgskulane er ikkje lenger «universitetsfilialar»; universiteta er til gjengjeld omdanna til landsdekkjande distriktshøgskular: universitet overalt. Det er ein paradoksal situasjon: Universitetet skal bli stadig meir likt andre utdanningsinstitusjonar, samtidig som det er eigenarten til institusjonen som gjer han ettertrakta. Universitetet har som samfunnsinstitusjon ein dalande prestisje som stadig fleire vil ha del i.

Solbergs universitetsideologi er den motsette av den som vart halden fram av Produktivitetskommisjonen (2016), leidd av professor Jørn Rattsø, ein kommisjon med ti medlemmer, alle økonomar, i seg sjølv noko urovekkjande, sjølvsagt. Men kapittelet om universitet og forsking var stimulerande lesnad også for ein ikkje-økonom. Rattsø tok eit oppgjer med ei politisk vilja institusjonalisering av middelmåtig akademisk innsats: Styringa frå styresmaktene «må i større grad rettes mot kvalitet, og øvrige hensyn må få mindre betydning», og dei la til at det trengst tiltak «som sikrer at forskningsmidlene i større grad kanaliseres til de beste forskerne og miljøene».

Rattsø-rapporten er eit kraftfullt svar til dei som vil slå seg til ro med den noko nedslåande tilstanden vi har no, slik som Kathrine Skretting, rektor ved Høgskolen i Innlandet og tidlegare medlem av Stjernø-utvalet. Situasjonen i Noreg er, som ho med rette peikar på, resultat av «en bevisst og villet politikk, som for alvor skjøt fart i og med fusjonspolitikken fra 2015»: «Denne utviklingen er irreversibel. Det todelte systemet – en type institusjoner som tilbyr kortere profesjonsutdanninger, og en annen type som tilbyr forskerutdanning og driver grunnforskning – er falt sammen og vil aldri gjenoppstå.»

For den som har sans for politikk som noko anna enn registrering av det uavvendelege, aktualiserer Rattsø-rapporten Joseph Schumpeters teori om entreprenørskap og «creative destruction», ein teori utvikla ut frå kapitalismens dynamikk og overført til det politiske feltet. Schumpeter vart etter ein kort periode som finansminister i den sosialistiske regjeringa i Wien omkring 1920 professor ved Harvard og ein av dei fremste økonomiske og politiske tenkjarane i det 20. hundreåret.

Etter tiår med forfeila høgskole- og universitetspolitikk krevst det ein ny, dristig kurs. Schumpeter ville nok ha sagt at tida er inne for skapande øydelegging som kan føre til politisk innovasjon: ut med fusjonsadministratorane, og inn med innovative politiske entreprenørar.

Tese 8

Også på utdanningsfeltet har politikarane abdisert – utdanningspolitikken har vorte eit stadig meir OECD-styrt prosjekt.

Konkurransestaten fekk sitt nasjonale gjennombrot omkring år 2000 med ei klyngje marknadsteknokratiske strukturreformer innanfor helse, utdanning og offentleg forvaltning. Det nye regimet vart grunnfesta gjennom ei rekkje strukturreformer meir eller mindre prega av marknadsteknokratisk ideologi med vekt på målstyring, effektivisering og fusjon.

Ifølgje den nye ideologien, New Public Management, skulle dei offentlege institusjonane trimmast etter modellar henta frå marknaden og det private næringslivet. Med internasjonale organisasjonar som sentrale premissleverandørar, OECD i fremste rekkje, glei strukturreformene relativt friksjonslaust gjennom under brei politisk semje, ikkje minst takka vere sosialdemokratisk mellomkomst. Konkurransestaten har i norsk samanheng vorte ein sosialdemokratisk avdempa affære.

Fremst mellom dei sosialdemokratiske marknadsteknokratane stod sosialøkonomen og dåverande departementsråd i Finansdepartementet Tormod Hermansen med utgreiinga En bedre organisert stat (1989), som Torbjørn Røe Isaksen har utropt til «New Public Managements moderdokument». Maktutgreiinga heldt fram at gjennomslaget for New Public Management i det norske systemet – utgreiinga kalla det «et virus som hadde satt seg fast i forvaltningsapparatet» – bygde på ein reformkoalisjon av tre grupper: for det første politikarar i skiftande regjeringar (Willoch, Brundtland, Bondevik, Stoltenberg), for det andre ideologiproduserande forskingsmiljø og for det tredje reformorienterte byråkratar, særleg økonomar i gamle og nye gevant.

Samtidig som den regjeringsoppnemnde maktutgreiinga utforma sitt analytiske blikk på New Public Management-prosjektet, innleidde Jens Stoltenberg den moderniseringspolitiske offensiven sin med utgangspunkt i nettopp Hermansens statsreformisme, rett nok utan noko spor av det kritiske momentet i forskinga. Aps reformdokument vart omtalt av partileiinga som «et av de viktigste reformdokumenter som er blitt lagt fram etter krigen». Vi står «foran en liten revolusjon av offentlig forvaltning».

Stoltenberg I, som tiltredde i mars 2000, sette i verk det moderniseringspolitiske programmet sitt i høgt tempo og med ein hovudadressat: offentleg sektor. Omorganiseringa av sjukehusa til helseføretak, styrt på grunnlag av rekneskapslova, var eit nøkkelelement. Arbeidarpartiets moderniseringsverk vart realisert med støtte av Høgre og Frp.

På utdanningsfeltet var overgangen til New Public Management meir gradvis. Skulereformene i 1990-åra (R94 og L97), signerte Gudmund Hernes (Ap), fekk etter kvart ein meir eintydig nyliberal karakter. Det nyliberale grunnlaget for Kunnskapsløftet (LK06) vart lagt under Kristin Clemet (H) og endeleg sementert av Øystein Djupedal (SV). Kvalitetsreforma, strukturreforma av høgare utdanning, vart utgreidd av Mjøs-utvalet (2000) med Tora Aasland (SV) og Victor Norman (H) som sentrale medlemmer, losa gjennom Stortinget i 2001 av Trond Giske (Ap) og effektuert i 2003 av Clemet.

Høgskulen i Nesna vart ulykksalig ein del av Nord universitet i 2016, og no er avdelinga vedteken lagd ned i 2022. Demonstrasjonstoget er frå Nesna 1. mai 2019, der Folkeaksjonen for høgare utdanning på Helgeland ber om å få tilbake den gamle høgskulen.    Foto: Hans Petter Sørensen

Det som stort sett glimra med sitt fråvær i den offentlege diskursen omkring desse strukturreformene, var sosiologiens klassiske perspektiv på skular, universitet og sjukehus som samfunnsinstitusjonar: samfunnsetiske institusjonar som er berarar av kulturelle og faglege verdiar som ikkje utan vidare lèt seg fange i snevre økonomiske og organisatoriske modellar.

Fram til 1990-åra var utdanning ei overvegande nasjonalpolitisk oppgåve; utdanning var nasjonsbygging og nasjonsbygging utdanning. Frå tusenårsskiftet kom utdanningspolitikken til å bli stadig meir prega av konkurranse mellom nasjonane.

Tilpassinga til den nye globaløkonomien gav staten ei endra rolle: ikkje berre den kompenserande, omfordelande og vernande velferdsstaten, men meir og meir ei konkurransestatleg mobilisering av nasjonens ressursar på den internasjonale marknaden. Borgarane skulle aktiverast ikkje minst via utdanning til å bli produktive, konkurransedyktige aktørar: prosjektleiarar i eige liv.

Dei sterkaste utdanningspolitiske premissleverandørane dei seinare åra har vore overnasjonale organisasjonar som Verdshandelsorganisasjonen (WTO), FNs organisasjon for undervisning, vitskap, kultur og kommunikasjon (Unesco), Det internasjonale pengefondet (IMF), EU, men framfor alt Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD), som med sine økonomar og statistikarar har vorte ein dominerande utdanningspolitisk aktør – ein ideologiprodusent for konkurransestaten med nøkkelomgrep som «human capital», «employability», «competitiveness», «innovation», gjerne pedagogisk reformulert som «livslang læring» og «kompetanseutvikling». Tradisjonelle pedagogiske omgrep som oppseding, undervisning og danning blir gradvis førtidspensjonerte, med marknadsøkonomi, statistikk og leiing som premissleverande fag.

OECD har komme med eit avgjerande bidrag til framveksten av eit numerokrati, styring via tal, i samfunnet vårt. Tal gjev oss eit universelt språk, tilsynelatande objektivt og nøytralt. Gjennom tal blir kvalitet forvandla til kvantitet, idet fortolking kan skje utan å måtte inkludere sosiokulturell kontekst. Tal verkar ordnande, normaliserande – og skaper nye hierarki. Talrushet verkar styrande på oppfatningane våre, idet tal sjølv byggjer på ein sosial konstruksjon og verkar tilbake på førestillingane våre om den sosiale røyndommen.

OECD har fått ein oppsiktsvekkjande posisjon i den globale utdanninga som diagnostikar, dommar og rådgjevar i éin og same organisasjon. OECDs utdanningsdirektorat, som er vorte eit slags globalt utdanningsministerium, ignorerer mangfaldet, ulikskapane, i dei nasjonale utdanningstradisjonane. Slik kjem ei utdanningspolitisk konfliktlinje til syne mellom globale økonomiske modellar og lokale kulturelle praksisar, mellom globale styringselitar og faglege autoritetar med lokalkulturell forankring.

Det norske Utdanningsdirektoratet har meir og meir vorte ein nasjonal filial av OECDs utdanningsdirektorat.


Det norske Utdanningsdirektoratet har meir og meir vorte ein nasjonal filial av OECDs utdanningsdirektorat. Det er OECDs utdanningsdirektorat som leier, organiserer og gjennomfører Pisa-prosjektet, som på få år har vorte den fremste premissleverandøren for ein utdanningspolitikk for kvantifiserbar kvalitet: kvalitet som kan målast og teljast. I Pisa-prosjektet har ein valt bort historie, samfunnsfag, kunst og etikk som eige fag – tradisjonelt sentrale i norsk skule. Og no om dagen, i tråd med tenkinga i OECD, er noko liknande føreslått som grunnlag for reform av den vidaregåande skulen. Kva har ei slik vinkling å seie for ei heilskapleg vurdering av skulen?

Finansministrane i OECD-landa på klassetur til hovudkvarteret i Paris. Norsk utdanningspolitikk vert i dag i realiteten utforma av marknadsteknoratane i OECD.    
Foto: Herve Cortinat / OECD

Tese 9

Vi har nok skappolitikarar her i landet – vi treng fleire skapande politikarar.

Grunnlaget for lakseeventyret i Lovund i Lurøy kommune på helgelandskysten vart lagt av dei to kameratane Steinar Olaisen og Hans Petter Meland – Olaisen med pedagogisk utdanning frå Universitetet i Oslo, Meland utdanna frå lærarskulen på Nesna. Tidleg i 1970-åra valde dei å flytte heim igjen for å bli lærarar i Lovund på ein skule som stod for fall, fiskeria låg nede og folketalet var på det lågaste. «Eit par år etterpå landa eit sjøfly, lasta med 1200 lakseyngel frå Nordmøre», skriv Nord V. Svendsen i Lovund-reportasjen sin (Khrono 26. januar 2021).

Det vart starten på «lovunderet»: «Arbeidsplassar vart skapte. Ungane kom tilbake til skulen. Dei to unge lærarane, no også gründerar, gjekk doble skift i rute mellom skulen og oppdrettsanlegget.» I 2011 døydde Steinar Olaisen brått, 69 år gammal. Turen var kommen til neste generasjon. «Lokal forankring – det var det første vi var heilt sikre på at vi skulle halde på», påpeikar dottera Aino Olaisen.

I dag er Lurøy kommune ein av dei økonomisk mest solide i landet. Innbyggjartalet er meir enn dobla sidan 70-åra med ein gjennomsnittsalder på 30, den yngste kommunen i landet. To oppdrettsselskap er berebjelken i det vesle øysamfunnet med diverse småbedrifter.

I 2020 ein gong landa Aino Olaisens helikopter i hagen til Arna Meisfjord, tidlegare rektor på Nesna. Med seg hadde ho dette oppdraget: Utarbeid ei prosjektskisse for verdas beste distriktsskule, med FNs klimamål som grunnleggjande premiss. Det var eit oppdrag i samsvar med Demografiutvalget (2020), leidd av professor Victor Norman, nemleg behovet for ei desentralisert utdanning for folk i Distrikts-Noreg. Slik tenkjer ein entreprenør som ein skulle tru hadde gått i Schumpeters skule.

Som eit første steg står gjenreisinga av lærarutdanninga på Nesna. Distriktsskulen føreset gjenetablering av allmennlærarens kompetanse til å undervise i alle fag i grunnskulen. «Vi treng allroundarar. Spesialisering og mastergrader er vel og bra for skular med 800 elevar, men når du skal undervise fire, ja, då trengst det ein annan kompetanse», seier Aino Olaisen. Det gjeld også om skulen har 80 elevar, som på Lovund. Dei små skulane kan ha sine fortrinn, føyer gamlerektoren til: «Dei kan vere ein fantastisk ressurs for samhandling med lokalmiljø, heim, kulturliv og næringsliv. Skulemiljøet bør ikkje definerast som berre det som er innanfor veggene i klasserommet.»

Koronapandemien har aktualisert nasjonalstatens rolle i ei postnasjonal verd. Alternativet er ikkje nasjonalistisk restaurasjon, men politikkens tilbakekomst på nasjonalt og lokalt nivå. Det moderne Noreg fekk ei grunnleggjande utforming på 1800-talet, då pengeborgarskap og danningsborgarskap fann saman i ein framtidsretta koalisjon som offentlege entreprenørar.

I dei siste tiåra har det vakse fram ein ny næringslivselite langs Kyst-Noreg utan ei påfallande interesse for anna enn auka pengepung. Det lovar godt om det skulle syne seg at næringsdrivande entreprenørar no er viljuge til å ta på seg eit breiare samfunnsansvar og opptre som offentlege entreprenørar, slik det har vore i tidlegare fasar av norsk historie. Det vil då innebere eit brot med den uheilage konstellasjonen frå dei seinare tiåra: på den eine sida visjonslause marknadsteknokratar som seier «fusjon, fusjon, fusjon», og på den andre sida eit ekspanderande pengeborgarskap utan sans for det av verdi som går utover pengeverdien.
Den nye, strategisk formande ringen blir slutta på lokalt nivå når laksemilliardærar i Lovund blir sameinte med representantar for kunnskapseliten i Nesna som danningsagentar for distriktsskulen i framtida.

Det kan verte opptakten til ei ny gjennomtenking av eigenarten av dei praksisretta profesjonshøgskulane i det heile. Det er på tide med ei ny utgåve av Torild Skards 70-talsklassikar: Det er Oslo som ligger avsides.

Tese 10

For gjennomføringa av kunnskapsstatsprosjektet trengst det nasjonale strategar med skotsikre vestar.

Det er naudsynt med ein refleksjon over kva slag høgare utdanningssystem vi bør og vil ha. Det må bringe klarleik i kva eit grunnforskingsbasert universitet skal drive med. Dei eksisterande universiteta må nedskalerast om dei skal fungere som standardforvaltande toppinstitusjonar med skjerpa og skjerpande kvalitetskrav i samsvar med normene og kriteria i det vitskaplege kommunikasjonsfellesskapet.

Men i reformene i dei seinare åra har eit forunderleg sneversyn vunne fram, utforma av styringsbyråkratane i Finansdepartementet og Kunnskapsdepartementet, sekundert av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (Nokut) og Direktoratet for forvaltning og økonomistyring. Gjennomgangsmelodien er: kontroll, kontroll, kontroll. Noreg skal bli best i verda også på det akademiske feltet ved å underleggje seg eit provinsialiserande kontrollregime med eitt overordna omsyn: effektiv ressursutnytting, rask gjennomstrøyming og resultatoppnåing som kan målast i tal.

Men kunnskapsstaten er avhengig av kompetente avgjerder av uhilda, fagleg ekspertise som kan «kvalitetssikre» det arbeidet som blir gjort av den ekspanderande gruppa av postakademiske konsulentfirma og oppdragsinstitutt – for ikkje å nemne alle dei telefonisk analyserande kjappfotjournalistane. Det er ein samfunnstilstand med kortsiktig nyttetenking og diffus samanfletting av vitskaplege og økonomiske interesser der poenget er å finne kortaste veg frå forsking til faktura.

I det norske systemet trengst det ein gjennomgripande konstitusjonell debatt som går utover det statsrettslege til ein brei sosiologisk debatt om sjølve samfunnskonstitusjonen: ei gjennomtenking av dei viktigaste samfunnsinstitusjonane, slik som skular, universitet og sjukehus, av logikken og eigenarten deira, av normene og verdiane, av grensene og det gjensidige forholdet mellom dei.

Utfordringa er å gje form til kunnskapsstatsprosjektet ut frå det komparative fortrinnet til det norske samfunnet: samanfiltringa mellom kunnskapsinstitusjonane og det robuste samfunnsdemokratiet. Utdanningsinstitusjonane er samfunnsinstitusjonar som står under ei tosidig forplikting: å utdanne til arbeidslivet og å danne til sivilsamfunnet.

Utdanningsinstitusjonane er samfunnsinstitusjonar som står under ei tosidig forplikting: å utdanne til arbeidslivet og å danne til sivilsamfunnet.


Utdanningsinstitusjonane våre må underleggjast ein tosidig målestokk: kyndig samfunnsnytte og myndig samfunnsdanning. Den andre dimensjonen, den samfunnsdannande, har i tråd med det marknadsteknokratiske hegemoniet hatt ein tendens til å forsvinne i utgreiingane frå reformkomitear.

Men dermed går dei glipp av noko fundamentalt ved utdanningsinstitusjonane i systemet vårt: den indre tilknytinga til samfunnsdemokratiet. Utdanning til kyndig verksemd har vore knytt til oppseding til myndige borgarar. Slik har den sosiokulturelle moderniseringa gjort det norske samfunnet til eit robust demokratisk samfunn og eit av verdas beste samfunn å leve i.

Rune Slagstad
Institutt for samfunnsforskning
Denne artikkelen er ein utvida og omarbeidd versjon av eit føredrag halde på Nesna-konferansen 2021.

Vil du lese essayet i papiravisa?

Vi sender deg gjerne papiravisa med essayet til Rune Slagstad i Posten. Det er  gratis og uforpliktande. Vi vil gjerne at du skal bli kjent med avisa.

Takk!
Vi skal sende deg papiravisa.
Det skjedde en feil. Kan du prøve på nytt?